Bøtene for fiskesmuglarar som tar med seg ulovleg fisk ut av Noreg vert no dobla til 8000 kroner og i tillegg 200 kroner per kilo fisk eller fiskevare.
– Eg er svært fornøgd med at Riksadvokaten no har beslutta å doble bøtesatsane for fiskesmugling. Dette er både økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet som undergrev kontrollen med ressursuttak frå havet, og øydelegg for den seriøse delen av turistfiskenæringa, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.
I 2018 var det totalt 68 beslag av over 6,5 tonn fisk. Så langt i år er det beslaglagt over 2,3 tonn. Beslaga er stort sett fiskefiletar, som betyr at store delar av fisken ligg igjen. Majoriteten av beslaga er torsk.
– Det er openbart ei utfordring at utlendingar kjem til Noreg med eit mål om å ta mest mulig fisk ut av landet for å oppnå eigen forteneste. Slike «turistfiskarar» er ikkje det Noreg treng, og eg har tru på at dobling av bøtesatsane vil bidra til å redusere fiskesmuglinga, seier fiskeriministeren.