En registrert turistfiskebedrift

Velkommen til din fiskeferie her på Lauklines! Vi er glade over å kunne tilby noen av de beste fiskeplassene i verden. Dette er både noe vi er stolte over, men noe vi også kjenner et ansvar for å forvalte. Derfor håper vi at du tar deg tid til å lese noe av denne informasjonen fra Fiskeridirektoratet:

Det har alltid blitt fiska mykje langs kysten av Noreg, og vi er så heldige at alle kan fiske gratis i sjøen. Men dersom komande generasjonar også skal ha denne moglegheita, må vi alle gjere ein innsats for å sikre fiskebestandane for framtida.

Derfor må utanlandske turister følgje desse reglane når dei fiskar i sjøen:

  • Kun bruke handhalden reiskap. Turistar har ikkje høve til å bruke garn, teiner, ruser, liner eller liknande.
  • Ferdast meir enn 100 meter frå nærmaste oppdrettsanlegg når ein fiskar. All båttrafikk skal skje minst 20 meter unna oppdrettsanlegg og festeanordningar.
  • Har ikkje lov til å selje fangsten.
  • Må ikkje fiske fisk under minstemål.
  • Kan ikkje delta i direkte fangst av kongekrabbe, men det er sett av ein kvote til bedrifter som driv turistfiske i Finnmark. Turistfiske etter kongekrabbe
  • Kan på visse vilkår delta i jakt på kystsel saman med ein norsk statsborgar dersom ein har godkjent skyttarlisens.

Registrering av fangst

  • Alle registrerte turistfiskebedrifter skal rapportere fangst minst ein gong per månad.
  • Rapporteringen skal skje som talet på fisk.
  • Det er fem artar som skal registrerast; torsk, kveite, sei, steinbit og uer. 

Utførselskvote

  • Både bedrifter som registrerer seg frivillig og dei som er pålagde å registrere seg kan tilby sine gjester å ta med 20 kilo fisk eller fiskeprodukt over grensa innanfor ein periode på 7 dager. Den som tar med seg full kvote ved utreise frå Noreg, kan derfor ikkje ta med fisk ved ny utreise før det er gått minst 7 dagar.
  • Alle andre, som for eksempel utanlandske turistar som nyttar seg av uregistrerte bedrifter, kan kun ta med seg 10 kilo fisk eller fiskeprodukter når dei forlet landet.
  • Såkalla troféfisk blir frå 2018 rekna som ein del av kvoten.

Lauklines Kystferie